Rognebærmøllvarsling

Rognebærmøllen kan vere ein alvorleg skadegjerar i eple, men berre i dei åra det ikkje er nok eggleggingsstader i rognebær. Rognebærmøll klekker frå overvintrande pupper på våren, og for å vurdere om det er fare for angrep må ein både vite kor mykje rognebær det var året før, og hvor mykje rognebær det er i høve til rognebærmøll inneverande år.

Prognose for angrep vert rekna ut for meir enn 50 stasjonar fordelt på alle fruktdistrikt (sjå kart). Varslinga av rognebærmøll er eit samarbeid mellom lokale rådgjevarar i fruktdistrikta og NIBIO.

Fordi utviklinga til rognebærmøll er avhengig av temperatur, kan utviklingsfarten og tidspunkt for tiltak variere mellom ulike distrikt. For å vurdere tidspunktet må du ha notert når rogna sto i full blom og rekne ut varmesum etter det.

Du kan lese meir om rognebærmøll i Plantevernleksikonet og meir om varslingsmodellen her, eller i infoskrivet VIPS Rognebærmøll.

Generelle meldingar om prognose, utvikling og tiltak finn du her.

Meldinger

  • Fare for angrep
  • Mulig fare for angrep
  • Ingen fare for angrep
  • Varsel ikke beregnet

Varmesum for rognebærmøll


Utviklinga til rognebærmøll er avhengig av temperatur, slik at utviklingsfarten og tidspunkt for tiltak varierer mellom ulike distrikt. For å vurdere tidspunktet må du ha notert når rogna sto i full blom og rekne ut varmesum (døgngrader) etter det.








Foto: Sverre Kobro og E. Fløistad, NIBIO